Skip to content
All posts

Hvorfor Voss + TRIKKS ble sant

Hvorfor faller valget på en leverandør fremfor en annen?

Hva er viktig når valget blir tatt og hva håper man at valget skal bety i praksis?

Dette spurte vi Trond Arne Myklebust, leder for digitalisering og IT i Voss herad, om - og her er  svaret han sendte oss...

Digital arbeidsglede

«Dei tilsette sin kompetanse er den viktigaste ressursen for å kunne oppnå dei overordna måla til Voss herad om kvalitet i tenestene, effektiv ressursutnytting og godt omdømme som ein attraktiv arbeidsplass»

Dette sitatet er henta frå handlingsplanen til strategien for digitalisering og IT i Voss herad, «Digital arbeidsglede». Digitale verktøy er ein integrert og viktig del av arbeidsdagen vår i Voss herad. Påverknaden på prosessar, kommunikasjon, samhandling, mm. og den stadige auken i omfang og kompleksitet gjer at me må sikra at dei tilsette har naudsynt kunnskap, forståing og digitale ferdigheiter. Enkelt forklart handlar dette om å bygge digital kompetanse. Det gjeld for alle tilsette i Voss herad, og er ikkje reservert for nokon få.

Målet er å klare dette på ein god måte som gjer at dei tilsette faktisk sitt igjen med ei god forståing og ikkje berre at dei kan kryssa av at dei har gjennomført eit kurs. Dette krev sjølvsagt at innhaldet må vere bra, men enno viktigare er det at sjølve læringsprosessen vert lagt opp på ein god måte, og at verktøyet dei nyttar i prosessen er både intuitivt å nytta og fleksibelt med omsyn til både målgruppe og innhald. Med andre ord er det ein samanheng mellom prosess, innhald og den tilsette som utgjer ein totalpakke der samspelet er det avgjerande for om dette vert suksess eller ikkje. Difor har Voss herad valt å gå for TRIKKS.

Eit fleksibelt læringsunivers

TRIKKS har ein enorm fleksibilitet og rom for å skapa eit læringsunivers der me har moglegheit til å designe læringsprosessar som er gode pedagogisk. Det gir moglegheiter til å byggja inn gode refleksjonsoppgåver og praksisfellesskap, slik at læringa ikkje vert avslutta etter at opplæringa er gitt. Det gir moglegheit til å skape læring i eit utvida omfang for ei større gruppe og ikkje berre på individnivå. Løysinga gjer at det er lett å sette opp og samla det arbeidet som skal gjerast i forkant, under gjennomføring og etterarbeid på ein og same stad. Dette gjer at læringa vert mykje meir interaktiv. TRIKKS er for Voss herad eit digitalt læringsunivers der dei tilsette kan skapa og dela kunnskap og byggje nettverk på ein måte som støttar visjonen til kommuna om å bli verdas beste herad.    

For oss er ikkje TRIKKS noko som me gjer «i tillegg til». For oss er TRIKKS noko me gjer i staden for.

Voss_herad_voss_logo_bygd_for_sterke_opplevingar_RGB (1)